Høgsterett har kome med viktige avklaringer av kva som ligg i omgrepet «uten ugrunnet opphold»

Høgsterett har kome med viktige avklaringar av kva som ligg i omgrepet «uten ugrunnet opphold». I tillegg handsamar dei ulovfesta passivitetsreglar, som er relevant for alle avtalar basert på NS 8406, NS 8401 og NS 8402. Domen er viktig lesing for alle entreprenørar, rådgjevarar og byggherrar.

Høgsterett har i ein heilt ny dom (HR-2020-2254-A) kome med viktige utsegner om omgrepet «uten ugrunnet opphold», som er nytta som varslings- og svarfrist i ei rekke standardavtalar for entreprisar. Vidare inneheld domen ei viss avklaring av kva som ligg i «norsk retts vanlige regler» om passivitet, jf. NS 8406 pkt. 3. Domen er samrøystes.

Konkret omhandlar domen NS 8401 (prosjektering), men vil ha betydeleg overføringsverdi også til entreprisestandardane.

 

«Uten ugrunnet opphold»

I domen hadde Statens vegvesen brukt 4 veker på å reklamera. Om fristen uttalar Høgsterett i avsnitt 49:

«Det dreier seg om en kort frist som normalt begrenser seg til den tid det tar å saksbehandle kravet på en slik måte at en reklamasjon kan fremsettes. Oppdragsgiver må få anledning til å bearbeide foreliggende informasjon og dessuten til å avklare reklamasjonen på relevant nivå i organisasjonen. Hva som skal anses som begrunnet tidsbruk, må vurderes konkret, blant annet hensett til kravets kompleksitet og entreprisens omfang…».

Om fristen i det konkrete prosjektet slår Høgsterett i avsnitt 54 fast at:

«I dette prosjektet vil jeg anta at en frist på rundt to uker til å saksbehandle reklamasjonen burde være tilstrekkelig. Reklamasjonen er følgelig fremsatt for sent.»

Sjølv om det er tale om ei konkret vurdering av fristens lengde vil at desse to vekene Høgsterett skisserer truleg verta vektlagt også i vurderingar etter NS 8405 og NS 8407 (med tilhøyrande underentreprisestandarder).

Som entreprenør må dette likevel ikkje verta noko sovepute. Krav må varslast så snart som mogleg, og dersom ein ikkje får svar «utan ugrunnet opphold» må det varslast like raskt etter motteke svar.

 

Passivitet

Rambøll gjorde gjeldande at Statens vegvesen hadde reklamert for seint først 3 år etter at reklamasjonen var fremja.

NS 8401, har i likskap med NS 8406, ikkje eksplisitt regulering av når motparten må gjera gjeldande motsegner til eit varsel/reklamasjon. Høgsterett meiner likevel at dette kan heimlast i ulovfesta reglar om passivitet.

Høgsterett stiller opp følgjande vurdering i avsnitt 60:

«I vår sak vil det stå sentralt om prosjekteringssiden gjennom sin opptreden og mulige passivitet ga byggherren rimelig grunn til å tro at reklamasjonsinnsigelsen ikke ville bli gjort gjeldende.»

Det sentrale for vurderinga er altså om avtalemotpart hadde rimeleg grunn til å tru at motsegna ikkje ville verta fremja. Spørsmålet vil naturlegvis måtte avgjerast konkret, men domen er tydeleg kva gjeld det rettslege utgangspunkt. Og det rettslege utgangspunkt vil vera viktig å kjenna til for alle entreprenørar som inngår avtalar basert på NS 8406 (eller underentreprisestandarden).

I den konkrete saka konkluderte Høgsterett med at Rambøll hadde tapt retten til å gjera gjeldande for sein reklamasjon.

* * *

Vi i HLT Advokatfirma oppmodar alle entreprenørar til å lesa domen sjølve. Den er godt skrive, og vil truleg vera ein viktig dom å kjenna til i åra frametter. Ta kontakt med ein av våre entrepriserettskunnige advokatar for ein prat om du ønskjer det

av HLT Advokatfirma
Trenger du rådgivning?

Flere aktuelle saker

keyboard_arrow_up