HLT-advokat nytt medlem i Karantenenemnda

Steinulf Tungesvik, advokat og partnar i HLT, er av kommunalminister Monica Mæland utnemnd som nytt medlem i nemnda frå 1. november 2018. Karantenenemnda er ei fagleg uavhengig nemnd som treff vedtak om karantene og saksforbod når politikarar går til ny stilling eller verv utanfor statsforvaltinga eller om dei startar næringsverksemd. Leiar av karantenenemnda er fylkesmann i Nordland Hill-Marta Solberg. Dei andre medlemmane i nemnda er lagmann i Gulating lagmannsrett Hanne Sophie Greve, advokat og partnar i Gram, Hambro og Garman, Christian Hambro og tolldirektør Øystein Børmer.

Tungesvik vil naturlegvis halde fram med sine oppgåver i HLT på same måte som før.

Les pressemelding fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet her