Steinulf Tungesvik

Steinulf Tungesvik har spesialkompetanse innanfor entrepriserett, tvisteløysing, offentlege innkjøp, tingsrett og plan- og bygningsrett. Han har i mange år ytt advokattenester til aktørane i bygge- og anleggsbransjen, og til eigedomsutviklarar. I tillegg til å vere advokat har han også erfaring som statssekretær i fleire periodar. Han har eit uvanleg breitt kontaktnett og lang erfaring med myndigheitskontakt, som forhandlar og som kurshaldar. Tungesvik har prosedert ei rekkje saker for domstolane, også på oppdrag for staten og for kommunar. Han har hyppige prosedyreoppdrag innanfor mange rettsfelt.

SPESIALOMRÅDE

Entrepriserett
Prosedyre og tvisteløysing
Offentlege innkjøp
Generell kontraktsrett
Plan- og bygningsrett
Fast eigedoms rettsforhold
Forvaltningsrett
Myndigheitskontakt

ARBEIDSERFARING

2017–
Advokat/Partner, HLT Advokatfirma AS, Bergen
2000–2017
Advokat og assosiert partnar, Kluge Advokatfirma AS
2012
Konst. statssekretær, Samferdsledepartementet
2005–2008
Statssekretær, Samferdsledepartementet
1997-2000
Statssekretær og politisk rådgjevar, Sosial- og helsedepartementet
1997
Domarfullmektig, Oslo byrett
1995-1997
Politisk rådgjevar, Senterpartiets stortingsgruppe
1988-1993
Førstekonsulent, Postdirektoratet (under studiet)

UTDANNING

2002
Advokatløyve
1994
Cand.jur., UiO
1993
Eksamen frå Universitetet i Göttingen (Tyskland) i energirett, folkerett, internasjonal handelsrett, rettshistorie og tysk språk
1984–1989
Postskulen, 5-årig økonomisk-administrativ og datafagleg utdanning (BI-nivå)

PUBLIKASJONAR

Tidsskrift for kritisk juss 2005 (31) nr 3: «Den nye Roma-traktaten – Grunnlov for ei statsdanning?»

VERV M.M.

Medlem i Karantenenemnda (frå 2018)
Nestleiar i styret, Det Norske Teatret AS (frå 2011)
Styremedlem i Bergen Vann KF (frå 2016)
Varamedlem, konsernstyret i NSB AS (2011-2014)
Medlem av offentleg utval om ny klageordning i utlendingsforvaltinga (NOU 2010:12)
Medlem av Den Norske Advokatforening
Leiar for Norges Skiforbunds domsutval (2004-2009)
Vararepresentant til Stortinget 2009-2013. Biografi Stortinget
Statssekretær i fleire departement (sjå arbeidserfaring og biografi Stortinget i førre punkt)
Leiar i Noregs Mållag (2005)